Stranda Sogelag
: Sogelaget sitt føremål er å vekkje interesse for lokal historie i heile Stranda kommune. Laget skal arbeide for å verne og registrere kulturhistoriske minne som kan fortelje om åndeleg og materiell kultur i kommunen, i notid og fortid. Laget skal stå som utgjevar av bygdebøker, ættebøker og andre bøker av lokalhistorisk interesse. Laget kan dele ut ei utmerking for godt vern av gamle bygg i kommunen. Laget skal årleg gi ut årsskriftet ”Bygdeminne” som skal omhandle aktuelle saker av historisk interesse i kommunen.